Bjørnøya og Norsk Polarinstitutt sitt langvarige arbeid med overvaking av sjøfugl er løfta fram i ein ny filmserie produsert av Arktisk råd i samband med organisasjonen sitt 30-årsjubileum.

FELTSOMMAR 2026 Forskarane Hallvard Strøm og Elin Sjöholm på Bjørnøya. Foto: Jessica Cook, Arktisk råd /Norsk Polarinstitutt 

Den firedelte serien, Unveiling the Mysteries of Arctic Seabirds, tek publikum med ut til dei spektakulære fuglefjella på Bjørnøya og gir eit innblikk i forskarane sitt arbeid i felt. Her får sjåarane følgje forskarar som fangar og ringmerker sjøfugl, set ut sporingsutstyr, samlar inn prøvar og overvaker hekkekoloniar.

Forskar Hallvard Strøm frå Norsk Polarinstitutt er med i filmen. Han har leia instituttet sitt sjøfuglarbeid på øya gjennom ei årrekkje.

Norsk Polarinstitutt har overvaka sjøfuglbestandane på Bjørnøya kvar sommar i om lag 40 år. Dette har gitt ein verdifull tidsserie som viser korleis klimaendringar og andre påverknader endrar dei arktiske økosystema. Dataa bidreg òg inn i fleire av Arktisk råd sine internasjonale overvakings- og forskingsprogram.

Bjørnøya er eitt av dei viktigaste sjøfuglområda i Arktis. Kvar sommar samlast rundt éin million hekkande sjøfuglpar på øya, i tillegg til om lag éin million fuglar som ikkje hekkar. Plasseringa ved Polarfronten, der kaldt arktisk vatn møter varmare atlanterhavsvatn, gjer området særleg rikt på næring og dermed viktig for sjøfugl.

Filmserien viser korleis forsking på sjøfugl kan gi innsikt i langt meir enn utviklinga til fuglane åleine. Fordi sjøfuglane reagerer raskt på endringar i havmiljøet, fungerer dei som viktige indikatorar på tilstanden i dei arktiske økosystema.

Part 1 – Why Bjørnøya is globally significant

Part 2 – Follow researchers in the field

Part 3 – A warning sign

Part 4 – From science to action

Forskarlaget på Bjørnøya i 2026:

  • Hallvard Strøm, seksjonsleiar og forskar, Norsk Polarinstitutt
  • Elin Sjöholm, marinbiolog, Norsk Polarinstitutt
  • Nanette Verboven, forskingsingeniør, Norsk Polarinstitutt
  • Nils Helge Lorentzen, sesongtilsett feltarbeidar, Norsk Polarinstitutt

Filma av:

  • Jessica Cook, Arktisk råds sekretariat / Norsk Polarinstitutt

Redigert av:

  • Jessica Cook, Arktisk råds sekretariat / Norsk Polarinstitutt
  • Minetta Westerlund, Arktisk råds sekretariat
Scroll to top