Etter ei innhaldsrik veke er COMNAP 2026 no avslutta i Tromsø. Rundt 220 deltakarar frå 37 nasjonar har vore samla for å diskutere korleis forsking og operasjonar i Antarktis kan gjennomførast på ein trygg, effektiv og berekraftig måte.

OPNINGA Statssekretær Kristine Kallset (t.v.), direktør Camilla Brekke og COMNAP-leiar Agnieszka Kruszewska opna konferansen.Foto: Janika Wagner / Norsk Polarinstitutt 

COMNAP (Council of Managers of National Antarctic Programs) samlar dei nasjonale antarktisprogramma med ansvar for forsking på verdas sørlegaste kontinent. Organisasjonen arbeider for å styrkje samarbeid innan operasjonar, logistikk og vitskapleg støtte, leggje til rette for informasjonsutveksling og gi faglege råd til Antarktistraktatsystemet.

NOREG I ANTARKTIS COMNAP-møte synleggjorde den viktige rolla Noreg spelar i det internasjonale samarbeidet i Antarktis, her ved avdelingsdirektør Erland Loso, statssekretær Kristine Kallset og direktør Camilla Brekke. Foto: Janika Wagner / Norsk Polarinstitutt 

Gjennom konferansen utveksla representantar frå nasjonale antarktisprogram, leiande polarinstitusjonar, forskingsmiljø og kommersielle aktørar erfaringar om logistikk, tryggleik, beredskap og internasjonalt samarbeid på verdas sørlegaste kontinent.

Samarbeid på tvers av nasjonar og operatørar er avgjerande i Antarktis. Denne veka har gitt oss verdifulle erfaringsutvekslingar og styrkt relasjonane mellom aktørane som arbeider på kontinentet. Eg er svært nøgd med møtet, seier avdelingsdirektør Erland Loso ved Norsk Polarinstitutt.

Noreg har ei sentral rolle i det internasjonale antarktissamarbeidet, noko som vart tydeleg gjennom møtet. Direktørar, leiarar og representantar frå ei rekkje av verdas polarinstitusjonar og andre aktørar deltok på konferansen, som hadde som mål å styrkje nettverka og samarbeidet som er nødvendig for å gjennomføre forsking under krevjande forhold.

SØK OG REDNING Dei siste konferansedagane var vigde til Antarctic Search and Rescue Workshop, der søk og redning i Antarktis stod i fokus. Deltakarane delte erfaringar frå reelle hendingar og diskuterte beredskap, samhandling og læring på tvers av nasjonar. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

Tryggleik som føresetnad for forsking

Eit gjennomgåande tema under årets møte var betydninga av tryggleik og beredskap. Antarktis er eitt av verdas mest krevjande område å operere i, med raskt skiftande vêrforhold, store avstandar og avgrensa infrastruktur.

Konferansen vart opna av statssekretær Kristine Kallset i Justis- og beredskapsdepartementet, som understreka verdien av internasjonalt samarbeid for å sikre trygg og effektiv forsking i Antarktis.

Justis- og beredskapsdepartementet har eit sentralt ansvar for å koordinere norsk politikk knytt til både Arktis og Antarktis.

–  Departementet har òg ansvar for tryggleik og beredskap i desse områda, og for Noreg si deltaking i internasjonale prosessar innanfor Antarktis-traktatsystemet. I denne samanhengen er det både naturleg og viktig for oss å samarbeide med COMNAP, som er ein sentral aktør innan søk og redning i Antarktis, og som bidreg til å omsetje forpliktingane under Antarktis-traktatsystemet til praktisk internasjonalt samarbeid og samhandling, sa Kallset. 

Direktør Camilla Brekke ved Norsk Polarinstitutt løfta i opningstalen at ingen nasjonar kan handtere alle utfordringar i Antarktis åleine, og at samarbeid mellom land og institusjonar ofte er avgjerande når alvorlege hendingar oppstår.

–  Vêrforholda kan endre seg raskt, infrastrukturen er avgrensa, og sjølv mindre hendingar kan utvikle seg til alvorlege situasjonar på kort tid. Difor må tryggleik vere integrert i alle fasar av planlegging og operasjonar.

ISKANTEN Tryggleik ved iskanten stod på agendaen då sjefingeniør Harvey Goodwin presenterte Norsk Polarinstitutt sitt arbeid med å vidareutvikle rutinar og metodar for sikre losse- og lasteoperasjonar til Troll-stasjonen. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

Forståinga av kloden 

Det finst ingen felles internasjonal søk- og redningsteneste i Antarktis. Ansvaret ligg hos dei nasjonale antarktisprogramma og operatørane deira. Samstundes er støtte frå andre aktørar ofte avgjerande når alvorlege hendingar oppstår.

– Difor er det verdifullt at COMNAP sitt årsmøte er tett knytt til Antarctic Search and Rescue Workshop, som går av stabelen seinare denne veka. Saman understrekar desse møteplassane kor viktig det er å byggje sterke partnarskap og tillitsfulle nettverk før ei krise oppstår, fortsatte Brekke

Brekke vekta også at det som skjer i Sørishavet og Antarktis, påverkar heile verda, frå havsirkulasjon, klimaendringar og havnivåstiging til økosystem.

–Arbeidet vårt er difor viktig, ikkje berre for antarktisforskinga, men også for den samla forståinga vår av kloden og framtida hennar.

ANTARKTIS-KART Kartograf Roger Willy Hagerup frå Norsk Polarinstitutt viste fram kart frå Antarktis (og Arktis), til stor interesse frå konferansedeltakarane. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

Delte dramatiske erfaringar

Dei siste dagane av konferansen stod søk og redning i Antarktis på agendaen. Her diskuterte deltakarane mellom anna beredskapsrutinar, øvingar, kommunikasjon og koordinering ved ulukker.

Fleire aktørar presenterte erfaringar frå reelle hendingar. Tilsette frå det kinesiske polarinstituttet delte mellom anna erfaringar frå ei hending der tre personar fall ned i ei bresprekk. Dei involverte kom seg ut, og presentasjonen gav verdifull innsikt i læringspunkt og forbetringar som kan bidra til å styrkje tryggleiken for alle som arbeider i Antarktis.

– Målet med erfaringsutvekslinga er å gjere heile det internasjonale antarktismiljøet betre rusta til å førebyggje og handtere hendingar, understrekar Loso.

TILLIT OG SAMARBEIDMange av utfordringane som oppstår i Antarktis, kan ikkje løysast av éin aktør åleine. Difor er tillit, samarbeid og deling av erfaringar avgjerande for å sikre både forsking, logistikk og beredskap i regionen, seier avdelingsdirektør Erland Loso. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt 

Logistikken si avgjerande rolle

Sjefingeniør Harvey Goodwin ved Norsk Polarinstitutt presenterte også instituttet sitt arbeid med tryggleik ved lossing og lasting ved iskanten, ein kritisk operasjon som blir gjennomført kvart år i samband med forsyningar til den norske forskingsstasjonen Troll.

Han viste korleis forholda ved iskanten krev kontinuerleg utvikling av rutinar og metodar for å ta vare på tryggleiken til personell og utstyr.

God logistikk er ein føresetnad for all aktivitet i Antarktis, understrekar Loso.

Utan logistikk, inga forsking.

SOMMARØYA Generalsekretær i COMNAP, Michelle Rogan-Finnemore (t.v.), direktør Camilla Brekke og COMNAP-leiar Agnieszka Kruszewska. Foto: Janika Wagner / Norsk Polarinstitutt 

Internasjonalt fellesskap

Gjennom møtet i Tromsø vart det tydeleg kor avhengige aktørane i Antarktis er av kvarandre. Nasjonale program og kommersielle operatørar sit på ulike ressursar og kapasitetar som ofte kjem fellesskapet til gode.

Loso vil takke alle deltakarar, føredragshaldarar, samarbeidspartnarar og kollegaer som har bidrege til å gjere COMNAP 2026 til ein viktig møteplass for det internasjonale antarktissamarbeidet.

– Vi ser tilbake på ei inspirerande veke i Tromsø og ser fram til å vidareføre samarbeidet for trygg, effektiv og berekraftig forsking i Antarktis.

ARRANGØRANE Avdelingsdirektør Erland Loso, operasjonsleiar Lisbeth Oddveig Hansen, direktør Camilla Brekke og spesialrådgivar Nalân Koç, takkar deltakarane for ei innhaldsrik og vellukka COMNAP-veke i Tromsø. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt

Scroll to top