Det varmar eit forskarhjarte å høyra at ei ung jente har nytte av foredrag om polare tema.

Like sant som at polarnatta senkar seg over landskapet heilt i nord, trer Svalbardseminaret fram for kunnskapstørste tilhøyrarar i Longyearbyen – kvart år. No også digitalt.

Det naut Ellinor Store (10 år) godt av, frå stuebordet heime i Tønsberg.

Ho jobbar med ei skuleoppgåve om polare dyr, og følgde nøye med på strøyminga av foredraget om fjellrev, som forskar Eva Fuglei frå Norsk Polarinstitutt heldt under Svalbardseminarets første dag i Forskingsparken i Longyearbyen.

Lita jente følger med på skjerm

SKULEARBEID Ellinor Store på ti år fulgde nøye med på foredraget om fjellrev som forskar Eva Fuglei heldt under Svalbardseminaret. Foto: Marianne Store 

Der fortalde forskaren også om pelslusa som mange fjellrev no er smitta av på Svalbard, og som skapar store vanskar for den vesle reven.

– Dette var ein glimrande måte å læra om viktige og spennande tema på, forelesaren fortalde om fjellreven på eit enkelt språk som gjorde at Ellinor lett klarte å følgja med og forstå kva som blei snakka om, fortel mora, Marianne Store.

BIlde av dame

FORELAS OM FJELLREV Fjellrevforskar Eva Fuglei var først ut som forelesar under årets Svalbardseminar. Foto: Ann Kristin Balto / Norsk Polarinstitutt 

Inspirerar 

Fjellrevforskar Fuglei blir glad av å høyra at tilhøyrarar setja pris på foredraga, og attpå til den yngre garde.

– Eg blir takksam og inspirert når eg høyrer at ei jente på ti år har brukt tid på dette foredraget. Dei unge er jo framtida, og det er så viktig at dei får vita kva som skjer med naturen i polarområda. Kanskje kan dei bruka denne kunnskapen seinare, seier Fuglei. 

Fuglei var først ut av alle forelesarane i seminarrekkja i år.

fjellrev

SANKA LÆRDOM – Dei unge er jo framtida, og det er viktig at dei får vita kva som skjer med naturen i polarområda, seier Eva Fuglei. På bilete er to revar i leik. Foto: Geir Gotaas / Norsk Polarinsitutt 

Isbjørn før og no

I kveld 19. januar er det isbjørnforskar Jon Aars frå polarinstituttet sin tur. Han skal fortelja om isbjørn på Svalbard før og no. Tidlegare var jakt den store faren for isbjørn, før fredinga i 1973. Men dei siste tiåra har sjøisen forsvunne raskt, og no er eit varmare klima hovudtrusselen.

Etter isbjørnforedraget tek redaktør Arne O. Holm i High North News ordet, når han held foredraget: Kva er det med Arktis?

tanksom mann

FORELESAR OM ISBJØRN  Isbjørnforskar Jon Aars skal fortelja om isbjørn under Svalbardseminaret. Foto: Nick Cobbing / Norsk Polarinstitutt  

Så går det slag i slag med nye foredrag dei neste vekene:

24. januar 2023

Tryggleik på tur
v/ Martin Indreiten, dagleg leiar, Siiri Wickström, Postdoc, og Holt Hancock, forskar, alle frå Arctic Safety Centre og Fred S. Hansen, Director of HSE and Infrastructure, UNIS

26. januar 2023

Ernest Mansfield og Northern Exploration Co. Ltd 1904 – 1934. Gruver eller svindel?
v/Per Kyrre Reymert

Hanna Resvoll-Holmsen – stemma til polarplantane
v/Anka Ryall, professor emerita, UiT Noregs arktiske universitet

31. januar 2023
Kort prosess – ei historie om UNIS
v/Thor Bjørn Arlöv, førsteamanuensis II og hushistorikar ved UNIS

Resultater frå dei siste års arkeologiske utgravingar av kvalfangargraver i Smeerenburgfjorden
v/Lise Loktu, seniorrådgivar for NIKU og tidlegare arkeolog hos Sysselmeisteren

Sjå link til foredraga