…men innhaldet er vel så interessant som tidlegare år, lovar arrangørane.
Det tredje Antarktis-seminaret i rekka går av stabelen 6. og 7. oktober. Til vanleg er seminaret ein fysisk møteplass for både nye og etablerte Antarktis-forskarar i Noreg, innanfor både naturvitskap, historie og samfunnsvitskaplege fag, men på grunn korona-situasjonen blir det halden digitalt i år.
Seminaret rettar seg mot forskere, men også styresmakter og avgjerdstakarar med interesser og ansvar i Antarktis, og skal vera ein arena for formidling av forskningsaktivitetar, resultat og annan informasjon, fortel programleiar Birgit Njåstad og seniorrådgiver Christina A. Pedersen ved Polarinstituttet, som sammen med Forskningsrådet står bak organiseringa.
– Målsetjinga er å vera ein arena for formidling av pågåande og nyleg avslutta forskingsprosjekt i og om Antarktis, ein arena for formidling av rammer og moglegheiter for norsk antarktisforskning og ei tankesmie for utvikling av nye idéer og strategiar knytt til tverrfagleg antarktisforskning.
Seminaret har presentasjonar frå ulike temaområde ( geologiske , fysiske- og økosystemer, i tillegg til forvalting og samfunn), sjå heile programmet her.