Tysdag 17. februar klokka 11.30 kunne ein oppleve eit sjeldan himmelfenomen i Antarktis.

LYST DØGNET RUNDT – NESTEN Det er sommartid og lyst heile døgnet i Antarktis på denne tida av året, med unntak av dei få minutta solformørkinga varte. Fugleforskarane Sébastien Descamps (t.v.) og Christophe Sauser fekk heilt på tampen av det fleire veker lange opphaldet ved Tor feltstasjon oppleve den delvise solformørkinga. No lir det mot haust i sør, så om få dagar pakkar dei utstyret og reiser heim til Noreg. Foto: Sébastien Descamps / Norsk Polarinstitutt

Mot det klare, antarktiske sommarlyset la månen seg som ein mørk skugge over delar av solskiva. Fenomenet vart førevigd av fugleforskar Sébastien Descamps frå Norsk Polarinstitutt. Han har arbeidd i fuglefjellet ved Tor feltstasjon sidan januar i år.

Solformørkinga var synleg frå delar av Antarktis og Sørpolområdet, og oppstår når månen passerer mellom jorda og sola slik at delar av sola blir dekte. Sist det var delvis solformørking i Antarktis, var i juli 2018, og det er venta ny delvis solformørking først i desember 2029.

OVERVAKA Ved fjellet Svarthamaren i Dronning Maud Land ligg ei av dei største koloniane av antarktispetrell i verda. Her har Noreg etablert feltstasjonen Tor for å forske på og overvake arten, i tillegg til snøpetrell og sørjo. På biletet kikar ein antarktispetrell-unge fram frå snøen. Foto: Sébastien Descamps / Norsk Polarinstitutt

Travle dagar i felt

Tor feltstasjon ligg i den austlege delen av Antarktis, i Dronning Maud Land. Her stikk fjelltoppane Svarthamaren og Jutulsessen opp av isen. Nokre av klodens største koloniar av antarktispetrell held til her, i tillegg til snøpetrell og sørjo.

Fuglane kjem til fjella seint på hausten for å hekke og ruste seg for den lange antarktiske vinteren som ventar, og dei forlèt ikkje reira før i februar eller mars når ungane er flygeklare. Då set dei kursen mot Sørishavet, der dei lever resten av året.

Descamps oppheld seg ved Tor-stasjonen saman med forskarkollega Christophe Sauser. Sauser har vore i felt sidan slutten av november og starta sesongen saman med feltassistent Gildwin Philippot, som reiste heim i januar då Descamps kom.

For forskarduoen har sommaren vore prega av lange og arbeidskrevjande dagar, i variert vær; alt frå blå himmel og solskin til snøstorm.

LANG REISE FOR MAT Fuglane som hekkar i fjella ved Tor-stasjonen, må fly hundrevis av kilometer frå reiret ut til kysten av Sørishavet for å finne mat, som krill og fisk. Antarktispetrell er ein likestilt art, og rugeansvaret blir delt mellom foreldra. Denne likestillinga gjer det mogleg å fly lange avstandar frå reiret samtidig som egg og ungar får tilsyn av den andre forelderen. På biletet vert ein unge mata. Foto: Sébastien Descamps / Norsk Polarinstitutt

Korleis brukar fuglane havet?

Forskarane arbeider med eit omfattande prosjekt knytt til overvaking av sjøfuglbestandane i fjella rundt Svarthamaren. Her blir utviklinga hos antarktispetrell, snøpetrell og sørjo følgd tett.

Slik langsiktig overvaking er nødvendig for å forstå dei pågåande endringane i denne delen av Antarktis og i Sørishavet, forklarer Descamps.

I tillegg til bestandsregistrering har forskarane merkt og spora antarktispetrell for å få meir kunnskap om korleis arten brukar havområda. Denne sesongen har dei òg samla inn prøver for å undersøkje om fuglane kan ha vore eksponerte for fugleinfluensa. Sidan 2021 har ei global bølgje av fugleinfluensa råka både fuglar og pattedyr i store delar av verda.

I HARDT VÊR Bestanden av antarktispetrell i Dronning Maud Land har gått kraftig ned dei siste tjue åra. Studiar av fuglen er viktige for å forstå og føreseie effektane av klimaendringar. Foto: Sébastien Descamps / Norsk Polarinstitutt

Isolert stasjon i høgda

Tor-stasjonen ligg rundt 90–100 kilometer frå den norske forskingsstasjonen Troll. Turen mellom stasjonane tek om lag åtte timar med tråkkemaskin, noko kortare med snøscooter. Feltstasjonen ligg 1625 meter over havet og om lag 200 kilometer frå kysten.

Stasjonen blir berre brukt i sommarsesongen, som no går mot slutten. Han består av ei containerhytte med sengeplass til fire personar, samt fleire mindre bygningar for lagring av utstyr. I fleire år har fugleforskarar brukt stasjonen som base for arbeidet i fjellområdet.

ROVFUGL Sørjo finn òg vegen til fjella ved Tor-stasjonen. Dei jagar egg og ungar til petrellane og er ein predator som petrellane prøver å halde unna ved å spytte ein gulaktig, oljehaldig væske (mageolje) som forsvarsmekanisme mot rovdyr. Denne olja luktar sterkt og kan gjere fjøra til rovdyr våt og øydeleggje isolasjonsevna deira, noko som gjer det vanskeleg å fly eller halde varmen. Foto: Sébastien Descamps / Norsk Polarinstitutt

Dei siste dagane har forskarane hatt besøk av eit team frå Troll-stasjonen som har gjennomført vedlikehald og oppgraderingar ved hytta. Arbeidet har mellom anna omfatta snikkararbeid, reparasjonar av det elektriske anlegget og fjerning av eldre, forfalne konstruksjonar.

BESØK FRÅ TROLL På feltarbeidets siste innspurt for året fekk fugleforskarane på Tor besøk av kollegaer frå Troll-stasjonen, som ligg om lag 90–100 km unna. Kollegaene frå Troll gjorde vedlikehald og utbedringar av stasjonen før vinteren set inn. Foto: Sébastien Descamps / Norsk Polarinstitutt

Snart heimreise

Om få dagar blir fugleforskarane henta frå feltstasjonen. Mot slutten av februar forlèt dei Antarktis etter ein intensiv sommarsesong i isøydet.

Planen er å vende tilbake til Svarthamaren neste år for å halde fram med det langsiktige forskingsarbeidet – i eit av verdas mest utilgjengelege naturområde.

«FORSKINGSASSISTENTAR» Forskarane kan berre reise til fjella i Dronning Maud Land om sommaren, frå desember til februar/mars. For nokre år sidan vart kamera sett opp på fjella Svarthamaren og Jutulsessen i regi av Troll observasjonsnettverk – TONe for å samle inn data om fuglenes ankomst, tal og overleving. Foto: Sebastien Descamps / Norsk Polarinstitutt

 

Scroll to top