Etter seks år med målretta overvaking kan forskarar slå fast at den framande arten austmarkmus ikkje har spreidd seg vidare på Svalbard. Bestanden har halde seg låg sidan toppåret i 2020, og det har ikkje vore behov for nye fangstkampanjar.

INGEN AUKE Det har ikkje vore naudsynt å setje i gang tiltak for å redusere musebestanden, slik det sist vart gjort hausten og vinteren 2020. Biletet viser forskarane Eva Fuglei (Norsk Polarinstitutt) og Rolf Anker Ims (UiT Norges arktiske universitet) då dei sette ut kameraboks utanfor Longyearbyen for å overvake austmarkmus. Foto: Anne Kibsgaard / Norsk Polarinstitutt
Det viser ferske resultat frå overvåkingsprogrammet COAT, leia av UiT – Noregs arktiske universitet og Norsk Polarinstitutt.
Austmarkmus er ein framand art på Svalbard. Ho kom som blindpassasjer med båtar som frakta høy frå Russland til Svalbard tidleg på 1900-talet under kolldrifta i Grumantbyen, sørvest for Longyearbyen. Der heldt ho seg med gras og urter i dei frodige bakkane under fuglefjellet. Då gruvedrifta avtok og folk forlét staden på 1960-talet, vart austmarkmusa verande. I dag er Grumantbyen framleis hovudområdet for austmarkmus.

FARLEG PARASITT I 1999 vart det oppdaga at austmarkmus kan vere vert for bendelormen Echinococcus multilocularis, også kalla EM-parasitten. Parasitten dannar store cyster i leveren til musa, og om dyr som hund eller fjellrev et ein mus med parasitten, vil parasittegg kome ut med avføringa deira. Kontakt med slik avføring kan få alvorlege følgjer, også for menneske. Den døde musa på biletet var vert for EM og hadde cyster i leveren. Foto: Nigel G. Yoccoz
Toppår skapte uro
Austmarkmus er mellomvert for parasitten Echinococcus multilocularis (revens dvergbendelmark), som i sjeldne tilfelle kan smitte til menneske via avføring frå infisert rev eller hund, og få alvorlege følgje for liv og helse. Hovudverten er fjellrev.
Då musebestanden nådde ein topp hausten 2020 – særleg i Longyearbyen – auka uroa for smittefare. Parasitten er så langt berre påvist i mus frå Grumant-området og Fuglefjella. Likevel førte situasjonen i 2020 til ein lokal fangstkampanje i samarbeid med Sysselmesteren på Svalbard.

KJERNEOMRÅDE Hovudområdet til austmarkmus på Svalbard ligg i Grumant og Fuglefjella, vist med raud linje/sirkel. Utbreiingsområdet er vist med blå linje. Figur: Norsk Polarinstitutt
32 kamerafeller langs Isfjorden
Allereie i 2019–2020 vart det etablert eit omfattande overvakingssystem med 32 kamerafeller i Isfjorden. Fellene dekkjer eit transekt frå kjerneområdet ved Grumantbyen og både aust- og vestover langs fjorden – gjennom Bjørndalen, Longyearbyen og Adventdalen, og vestover mot Colesbukta og Festningen.
Kameraa registrerer rørsler året rundt. Bileta blir analyserte med teknologi som tel musepasseringar per veke og gir eit bilete av både førekomst og tettleik.

KAMERAOVERVAKAR Eit system av kamerafellar vart sett opp både innanfor og utanfor utbreiingsområdet til austmarkmus på Svalbard. Foto: Eva Fuglei / Norsk Polarinstitutt
Klårt sesongmønster – og tydeleg nedgang
Overvakinga frå september 2020 til august 2025 viser eit tydeleg sesongmønster: Bestanden er høgast om hausten og lågast på seinvinter og vår.
Hausten 2020 var den klart mest museintensive perioden, med jamlege spor i snøen, løpeganger og avbeita vegetasjon – særleg i Longyearbyen. Sidan den gong har både førekomst og tettleik vore betydeleg lågare.
– Dei siste to åra er det ikkje registrert mus i dei mest perifere delane av overvakingsområdet. Sommaren 2025 vart det berre påvist mus i kjerneområdet nær Grumantbyen. Utanfor dette området – inkludert Longyearbyen og Adventdalen – vart det ikkje registrert mus, fortel forskar Eva Fuglei ved Norsk Polarinstitutt.

KNIPSAR BILETE AV RØRSLER Rørslerfell består av ein metallboks med viltkamera og rørslesensor som tek bilete av alle mus som spring gjennom. Foto: Stein Tore Pedersen / Norsk Polarinstitutt
Klima kan ha bremsa arten
Ifølgje forskarane tyder mykje på at klimatiske forhold har vore ugunstige for arten. Regn på snø etter mildvêr har gjort islaget på bakken spesielt hardt. Autmarkmusa er svært følsam for isdanning på bakken. Når bakken blir dekt av is, får ikkje musene tilgang til plantane dei lever av, noko som kan redusere overlevinga kraftig og hindre vidare spreiing.
Sjølv om arten i 2020 viste teikn til å kolonisere nye område aust i Isfjorden, er det ikkje dokumentert varig etablering på nye lokalitetar i overvakingsperioden.

MUSESPOR Kameraovervakinga viste at musene kortvarig koloniserte ein lokalitet aust i Isfjorden, men dei forsvann raskt att. Foto: Stig Onarheim / Norsk Polarinstitutt
Følgjer utviklinga vidare
Forskarane understrekar at overvakinga vil halde fram, både for å varsle om eventuelle nye bestandstoppar i busetnaden og for å dokumentere eventuell framtidig spreiing.
– Per i dag ser situasjonen stabil ut, men vi følgjer utviklinga nøye, særleg med tanke på smitterisiko, seier Fuglei.
Konklusjonen er likevel klår: Seks år etter at alarmen gjekk, har austmarkmusa ikkje spreidd seg vidare på Svalbard – og situasjonen er under kontroll.
Se rapport om status østmarkmus

KLIMATISKE UTFORDRINGAR Isdekte bakkar har vorte eit aukande problem for fleire artar på Svalbard som følgje av mildare klima dei siste åra. Når bakken dekkast av is, får ikkje musene tilgang til plantane dei lever av, noko som kan redusere overleving og hindre vidare spreiing. Foto: Eva Fuglei / Norsk Polarinstitutt
Austmarkmus
Storleik: 13–15 cm, inkludert pelskledd hale på under ein tredjedel av kroppslengda
Vekt: Vaksne hunner 25–40 g, vaksne hannar 25–50 g
Pels: Gråbrun, øyrene er så små at pelsen nesten skjuler dei
Første påvising: 1960
Teikn på tilstedeværelse: Avbite plantar, løpegangar og ekskrementer

Foto: Nigel G. Yoccoz


