POLARIN har opna den tredje utlysinga for transnasjonal tilgang til polare forskingsinfrastrukturar. Forskarar frå heile verda kan no søkje om tilgang til forskingsstasjonar, fartøy og isbrytarar i Arktis og Antarktis. Søknadsfristen er 29. oktober.

Forsking og overvaking i polar natur er logistisk krevjande og kostbart. Det europeiske nettverket POLARIN skal gjera det lettare for forskarar å drive forsking i polarområda ved å tilby tilgang til forskingsinfrastruktur på tvers av landegrenser, institusjonar og fagmiljø. Prosjektet er finansiert av EU og samlar over 50 partnarinstitusjonar.

Målet med POLARIN er å styrkje kunnskapen om polarområda og dei raske klimaendringane som pregar både Arktis og Antarktis.

Søknadsfrist 29. oktober

POLARIN vart etablert i 2024 og skal vare fram til februar 2029. Nettverket omfattar arktiske og antarktiske forskingsstasjonar, forskingsfartøy, isbrytarar og viktige dataregister.

No opnar den tredje utlysinga for transnasjonal tilgang (Transnational Access), og forskingsmiljø frå heile verda blir inviterte til å søkje om tilgang til infrastrukturen i nettverket. Gjennom utlysinga kan forskarar få tilgang til eit breitt spekter av fasilitetar og tenester som støttar forsking i polarområda.

Informasjon om tilgjengelege forskingsinfrastrukturar, kvalifikasjonskrav og søknadsprosess finst på POLARIN-plattforma.

Søknadsfristen er 29. oktober 2026.

Infrastruktur i Arktis og Antarktis

Norsk Polarinstitutt er den største norske aktøren i POLARIN-nettverket og bidreg i denne utlysinga med tilgang til Ny-Ålesund forskingsstasjon på Svalbard og Troll-stasjonen i Dronning Maud Land.

Det er Alfred Wegener-instituttet i Tyskland som koordinerer POLARIN. Dei norske partnarane er NILU (Norsk institutt for luftforsking), Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS), UiT Noregs arktiske universitet og Norsk Polarinstitutt.

Scroll to top